Patrulje Elg frå 1. Grimstad MSK er i leiinga.
Publisert: 11.06.2011 kl. 18:45 - sist oppdatert: 11.06.2011 kl. 19:17
Rett før praktisk 2 starta er det patrulje Elg frå 1. Grimstad MSK som er i leiinga under NM i speiding i Moss denne helga.
Patruljane har til no fått poeng av dommarane for gjennomføringa av praktisk 1, patruljedrift (særpreg) og O-løp (orientering og teori). Oppgåva under praktisk 1 var å lage ein varmluftballong, som på grunn av veret vart testa innandørs av dommarane ved hjelp av hårfønarar. Dei 119 patruljane som deltek under NM i Moss sørgja for særs mange kreative gjennomføringar.
Tidlegare i dag testa dommarane varmluftballongane som patruljane hadde laga. (Foto: Daniel Gauslaa)Akkurat no er det Elg frå Grimstad som ser ut til å gå til toppen, tett etterfølgt av patruljane Falk og Hauk, både frå 1. Skougum speidargruppe frå Asker og Bærum. For fleire resultat, last ned
resultatlista så langt. For løpande oppdateringar under helga, følg med på
Twitter,
Facebook og
www.nmispeiding.no.