Publisert: 06.10.2008 kl. 11:17 - sist oppdatert: 06.10.2008 kl. 11:17
På Speidar- og roverforum, arrangert på Notodden denne helga, stilte tre representantar frå roverleiren på Utopia. Dei fortalde og reklamerte for denne delen av leiren, som har fått det artige namnet «Utopilia».
Hovudaktiviteten var ringkast på fjelltoppane rundt Åndalsnes. Mange engasjerte seg i dette, og det vart ikkje færre som prøvde seg då Utopilia-representantane lokka med t-skjorter til dei som samla mest poeng. Køane vart til tider lange, for både speidarar og roverar fekk tydelegvis på nytt sansen for ringkast, med landsleirvri.
Elles var også den velkjende buttonmaskina med, og mange nytta sjansen til å skaffe seg buttonar med kule og morosame tekstar. Utopia fekk seg nok mange nye reklameplakatar, for utpå laurdagskvelden kunne ein sjå speidarskjorter dekte av buttonar.
Store delar av helga var det altså aktivitet på Utopilia-standen, og store delar av helga kunne ein høyre musikk frå Kaptein Sabeltann, Fragglene osv. kome frå same stad. Det var tydeleg at både representantane frå Utopilia og dei som besøkte standen hadde det kjekt.
Ringkast på fjelltoppane rundt Åndalsnes!