Publisert: 28.01.2008 kl. 22:58 - sist oppdatert: 30.01.2008 kl. 10:51
I går samla studerande speidarar i Oslo-området seg for å bringe nytt liv til Oslo Studentspeidargruppe (OSSG).
Heile ni speidarar i riktig alder fann vegen til møtet på Vestgrensa speidarhus. Initiativtakar Jon Martin Harstad Bakken frå Trondheim Studentspeidargruppe (TSSG) er fornøgd.
- Målet mitt var at det skulle kome meir enn fem, og det gjorde det.
- Studentspeiding var veldig stort for nokre år sidan, men i dag er det berre TSSG som er aktive, fortel han.
- Ta kontaktPå gjenopplivingsmøtet vart det ete kake, laga ei førebels terminliste for halvåret og diskutert korleis ein vil organisere studentspeidargruppa i Oslo. Stina Jenseth (21), innflyttar frå Nedre Buskerud krins, vart valt til interimsleiar og skal styre OSSG fram til gruppa får heldt årsmøte. Ho gler seg til å ta fatt på oppgåva og ber interesserte studentar i Oslo med speidarbakgrunn om å ta kontakt på
e-post eller telefon 92235066.
I neste nummer av GRO kan du lese meir om Jon Martin og studentspeiding.
Nyvalt interimsleiar i OSSG: Stina Jenseth.